|

Opningskonserten sundag 29.aug i Selje kyrkje:
Koret har øvd inn ein ny konsert med folketonar arrangerte av Henning Sommerro. Sommerro kjem og er medverkande i konserten. Dette vert alså eit heilt nytt arrangement, og ein heilt ny oppleving. Velkommen på opningskonsert. Sjå nettstaden www.sunnivakoret.no
Sunnivakoret som tel 130 songarar og kjem frå heile regionen vår, blei etablert med bakgrunn i planlegging av eit Sunnivafestspel i Selje. Eit festspel som hadde si første gjennomkøyring og premiere september mnd. 2004. For å skape eit Sunnivakor med ein slik storleik og med ein kvalitet og ein klangbotn som alle kunne vere stolte av og glede seg til å vere ein del av, var det viktig å få den rette korinstruktør, dirigent og inspiratoren på plass. Kven andre då enn Per Oddvar (Prots) Hildre. Kjent langt utover landets grenser som ein ruvande og høgt respektert instruktør, kordirigent og inspirator og med ein utstrålande sosial veremåte som gjer korøvingar og seminarer til ei ny spennande oppleving kvar gong ein møtast. Ikkje undarleg då at kormedlemmer frå Vågsøy i sør via Selje til Vanylven i nord, gled seg stort til kvar øvingshelg med Prots og Sunnivakoret.
|
|