Hilde Myklebust & Kari Malmanger
myklebust_hilde_bredde200_2005_c_magne_sandnes1
Hakallegarden 30. august
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho har vore elev ved Skrivekunst-Akademiet i Hordaland og studert litteratur og teater ved universitetet i Bergen. For tida driv ho eit småbruk på heimstaden. Ho debuterte med diktboka Berre dagar seinare i 2005. Sidan har både "Søkk" og barneboka "Jon og den lange julenatta" komme ut. Hilde er festspeldiktar for Sunnivafestspela i 2010. Det vert spennande å sjå kva Hilde har på programet på Hakallegarden denne kvelden. Hilde vil vere i sitt rette element når ho i år kjem til Hakallegarden den 30.august. Meir enn nokon annan forfatter vi kjenner til, beskriv Hilde livet på garden på ein fantastisk levande og ærleg måte. Her vert også musikalske innslag saman med Hilde denne kvelden.  

Frå samlinga berre dagar seinare:
Hald pusten
seier far
før han løftar meg opp
i bjørkegreinene

Eg bøyer meg over
dei nyklekte fugleungane
Dei gule nebba
gapar mot meg

Eg vil kviskre
men veit eg har
daudbringande pust

Bøker

Berre dagar seinare, Det Norske Samlaget, 2005
Søkk, Det Norske Samlaget, 2008
Jon og den lange julenatta, Det Norske Samlaget, 2009 (illustrert av Inger Lise Belsvik)

karimalmanger
Kari Malmanger vil stå for det musikalske innslaget denne kvelden. Kari er songar med brei erfaring og høgt nivå. Hovudvekta er på folkemusikk, men ho har også jobba ein del med jazz og improvisasjon. Elektronikk som vokaleffektar og loop har etter kvart kome inn som verkty. Kari Malmanger som opphaveleg er frå Rosendal har Mastergrad i Etnomusikologi ved Griegakademiet, UiB. "Song, minne og kommunikasjon." Nettsida til Kari finn du her. Vi gler oss veldig til denne kulturkvelden på fantastiske Hakallegarden.
 
RocketTheme Joomla Templates