| Himmelblått i St. Jetmund |
|
Foto: Sunniva Kroken
”HIMMELBLÅTT I ST. JETMUND” FREDAG 03. SEPTEMBER 2010 kl 19.00 og eventuelt kl 21.00 Medverkande: Magni Vereide Kroken – song Geir Eikenes – klarinett/saksofonar Morten Leirgul – akkustisk piano Jakob Leiv Kroken – akkustisk kontrabass I Gloppen kommune er det eit rikt og mangfaldig musikkmiljø som spenner om svært mykje. Alle dei fire musikarane bur og arbeider i Gloppen. Morten arbeider som fysioterapeut på Sandane. Geir er lærar både på Gloppen ungdomsskule og på musikklinja ved Firda vidaregåande skule. Magni er lærar på Nordstranda skule, medan Jakob er lærar på Sandane skule. Dei fire musikarane er også aktive i andre konstellasjonar enn det som publikum får høyre i kveld. Konsertprogrammet Innan bedehustradisjonen er det nokre tekstar og melodiar som merkar seg ut fordi dei har tålt «tidens tann». Andre musikarar har leika seg litt med desse songane. Gjennom improvisasjon og uvande akkordrekkjer har det blitt skapt variantar som må kallast musikalske perler. Mykje av dette er knytt til det jazzen og bluesen kallar «blå-tonar». Vi har gjort eit utval av songar som handlar om livet vi lever og trua som ber: jordnært og himmelblått.
PROGRAM ”Magnushymnen” (Orknøyane 12.hundreåret) ”Blå salme” (Erik Bye/Henning Sommerro) “Navnet Jesus” (melodi frå Zulu-kyrkja, Sør-Afrika) ALLSONG: ”Laudate omnes gentes” (4-stemt) ”Blott en dag” (Melodi: Oscar Ahnfelt 1872)
”Vi kommer til deg i bønn du, vår Far” (Gisle Børge Styve) ”Lær meg å kjenne dine veie” (Norsk folketone, Åseral) ”I skovens dybe stille ro” (Dansk folkemelodi) ALLSONG: ”Barnatro” (allsong med gitarakk , instrumentalframføring) ”O Gud, all sannings källa” (svensk folketone) ”Mitt hjerte alltid vanker” (norsk variant av svensk folketone, Västergötland 1816) “Med en Primula veris” (Edvard Grieg) ALLSONG: ”I et skur ved Betlehem” (skotsk/irsk song av John L. Bell/ Graham Maule/Francis McPeake) ”Bred dina vida vingar” (Melodi: Oscar Anhfelt) ”Magnushymnen” (Orknøyane 12.hundreåret)
|

