Program

Sundag 23.august:

Frå middagstid vil det denne dagen vere liv og røre i Ervika. Det vert høve til å sjå kyrkja, minnerommet, tunnelane og vakthytta, Stad Gardsmat kan servere mat og det skal verte klart at Ervik er ein stad der ein er velkommen og ein gjerne kjem attende til.
Kl. 17.00: Opning av festspela i Ervik
Bergsøy blandakor syng.
Kl. 18.00: Urpremiere:
Draumeskipet. Nina Elisabeth Bøe, Marit Moltu og Eli Villanger.
Kl. 19.30: Keltisk prega kveldsbøn i Ervik kyrkje

Bill. kr. 220 / 100 Familie kr.400.
Les omtale

Måndag 24.august:

Besøk den fantastiske
Sandvikgarden på Hakallestranda. Her vert servert av verdas beste rømmegraut frå kl 1830. Kulturprogramet startar kl 1930. 
Maria Parr les frå den nye boka si "Tonje Glimmerdal". Les meir på aktørar. Øystein Eckhoff Holsvik, frå Syvde, er musikar på heiltid og er stadig engasjert som enkeltutøvar eller medmusikar i forskjellige prosjekt. Les meir her

Bill: kr. 100
 
Tysdag 25.august:

Kl 17.00: På Kråkenes i Vågsøy:
”Stadten i storm og stille”.
Magne Sætren, mangeårig redningsskøyteskipper fortel. Bill: kr.60
Som ramme for Magne Sætren sine forteljingar vil det verte musikkinnslag

Konsertar:
Jorunn Torsheim, Sondre Bratland, Tore Bruvoll og Per Bråtelund
Kl. 19.30: I Vanylven kyrkje
Kl. 22.00: I Ervik kyrkje
Bill.: kr 150 / 100/ 75. Familie over 4 pers: kr 300
Les omtale

Onsdag 26.august:

Kl. 19.30: Konsert i Selje kyrkje
Black Sea Don Cossacs.
Bill: kr.150
Ei oppleving ein sjeldan får maken til, utruleg spenn mellom den lysaste tenor og bass heilt nede. Må opplevast!


Torsdag 27.august:

Kl. 19.30: Kulturkveld i Nordstranda Bedehus, Stadlandet.
Bill. Kr.100
Vi fokuserer på byggande kultur på fleire felt. Denne kvelden får vi atter høyre glasmusikk i Bedehuset, spelt av dei to unge kunstnarane i DraupBedehusmusikken og Aase Ryssland Sæter deltek Sjå meir her


Fredag 28.august:

Frå kl 13.00: Barnehagedag i Selje sentrum
Barnehagane sitt eige opplegg med vikingtog og meir!

Kulturdag for unge i Olivinhallen er utsett, dette arrangementet vert sett opp igjen seinare. Arrangementet vert saman med eit "MOT arrangement". Føreløpig dato er fatsett til 23.oktober

Laurdag 29.august:

Denne dagen vil vi ha vandringar etter gamle vegar eller farleier til sjøs. Konfirmantane vert utfordra til å gå dei stigane dei gjekk for presten på før bilen sin tidsalder. Her må idrettslaga på banen.

Kl. 1400 Politisk debatt: Åge Starheim (Frp) Trude Brosvik (Krf) Bjørn Lødemel (H) Ingrid Heggø (AP) Knut M Olsen (S)  Gunvald Ludvigsen (V) 

OBS OBS OBS!!!!!På grunn av fryktelig vêrmeldingar er konserten i morgon flytta til Olivinhallen... Karoline Krüger og Sigvart Dagsland
Bill: kr.200/100. Born under 10 år gratis.


Vandringar til Selje prestegard. Kl. 16.00 Kulturminnemarkering ved prestegarden
Fleire kunstnarar innafor tradisjonskunst.

Pilegrimsvandring på Selja
Kl. 20.00: Konsert i klosteret på Selja v.

Kl. 22.15: Fakkeltog over Seljesanden til kyrkja. Keltisk prega kveldsbøn.
Sjå omtale her


Sundag 30 august:
Kl. 15.30: Avslutningskonsert i Selje kyrkje ved Sunnivakoret dirigert av Per Oddvar Hildre.
Bill: kr. 220 / 110/ 75
Koret er kjent for mange og gode konsertar dei åra dei har eksistert. Eit stor-kor med høg kvalitet både på gjennomføring og songval. Ei stor korkonsertoppleving!

 
RocketTheme Joomla Templates