Sunnivafestspela 2008 er over!
I heile 8 dagar har vi hatt kulturtilbod denne seinsommaren. Vi har hatt godt ver. Dei som har vore publikum, har gitt uttrykk for at dei har tykt vel om det dei har opplevd.
Til alle som var med oss desse dagane: TAKK FOR I ÅR!
Det vart Sunnivafestspel i 2009 og!
Set av dagane 23. – 30 august 2009 til Selje og regionen her!
Det vert eit heilt anna opplegg, men det er for tidleg i prosessen til å røpe noko enno. Får vi til det meste av det som no ligg i programblokka, vil det verte gjevande dagar!
Velkomne til Sunnivafestspel 23.- 30. august 2009! |